Hans Hognestad er førsteamanuensis i idrettsvitenskap ved Institutt for idrett og friluftsliv. Han er cand. philol. i sosialantropologi og i 2004 forsvarte han sin doktorgrad Norway between Bergen and Middlesbrough – Football Identities in Motion ved Norges Idrettshøgskole. Identitet og fotball har preget forskingen hans med empiriske studier blant fotballsupportere i England, Norge og Skottland. I senere år har han arbeidet mye med idrett og utviklingsproblematikk. Hognestad sine interessefelt er meningsproduksjon i idrett, identitet, globalisering, transnasjonale nettverk og idrett og utviklingssamarbeid.
Her kan du lese hans artikkel, ‘kampen om tribunen’.
Av Hans K. Hognestad
Som sosialt drama har fotball i 100 år hatt ein privilegert posisjon blant andre idrettar i verda. Fotball er identitetsdrivande og verkar som konkrete symbol på lokal stolthet i dei fleste europeiske, afrikanske, latinamerikanske og etter kvart også asiatiske land. Som industri kan me hevda at toppfotballen i Europa dei siste 20 åra har vore prega av nyliberale marknadsprinsipp for ei intensivert kommersialisering. Som produkt og vare har fotball utvikla seg både i symbiose med og i opposisjon til ein grasrotbasert patriotisme. Utan eit lidenskapleg engasjement vil det sosiale dramaet, og dermed også livsgrunnlaget for fotballen som industri, forvitra. Men supportermiljøa er gjerne styrde ut frå interesser, kunnskap og kjensler som harmonerer dårleg med dei verdiane sponsorar og investorar søker å maksimera. Dette gjer at supporterane ofte havnar i eit schizofrent spenn mellom behovet for ein verdibasert autonomi og kapitalavhengige ønske om finansielt krevjande sportslege satsingar. Slik er det også liten tvil om at den komersialiseringa som har råka fotballen etter 1990 i stor grad også har påverka vanane til supporterar. I dag er desse også kundar som gjerne fornyar draktgarderoben årleg, og elles ser på det å nytta pengar på laget ein støttar som gode og nødvendige investeringar. Desse forholda har bidratt til ei større differensiering av publikum og ein flora med forestillingar om autensitet i fotball. Ord som “ekte” eller “genuin” vert gjerne nytta når ein skal skilja dei gode supporterane ut frå den delen av publikummet som deltar på mindre forpliktande og intenst vis. Men fotballpublikummet er så samansett, også når det gjeld dedikerte supproterar, at det er umuleg å finna ein felles definisjon eller form på kva som er ein “ekte supporter”.
Sjøl om me kan hevda at menn frå arbeiderklassen sette sitt preg på særleg den britiske tribunekulturen gjennom det 20. århundret, skal me vera særs varsame med å utstyra bestemte sosiale klassar med opphavsretten til kva som er “god tribunekultur”. I si historie om engelsk fotball forklarar den historikaren Dave Russell fotballen sin popularitet med at stadiontribunane gjennom mesteparten av det 20. århundret også var stader der folk frå ulike sosiale lag møttes. På det viset utfordrar han forestillingar om at eit tamt og passivt middelklassepublikum i nyare tid har erstatta eit militant, maskulint og meir “opphavleg” arbeiderklassepublikum. Tvert om går det an å hevda at forestillinga om at tribunane er iferd med å koloniserast av folk som er meir opptatt av rekesmørbrødet enn av kampen er feil. Meir enn nokon gong før er det grunnlag for å hevda at det er den aktive og verbale støtta til laget gir størst sosial kapital.
Det er mange måtar å verdsetja fotball på. Somme legg sterkast vekt på dei estetiske sidene ved spelet. Andre etterlyser rettferd og fair play, medan ganske mange har ei interesse av kva mål ballen eventuelt havnar i. Måten desse ulike verdiane blir forvalta på, har både økonomiske og kulturelle konsekvensar. Omtrent samstundes som profesjonaliseringa og kommersialiseringa av norsk toppfotball tok til rundt 1990, blomstra ein supporterkultur som gjerne vektla kjærleik til eigen klubb og ulike grader av hat mot relevante rivalar. Med tanke på den dominerande moralske supporterkoden som har vakse fram dei siste 20 åra, er det i dag umuleg for ein Brynesupporter å også heia på Viking. Dette var derimot muleg før klubbane vart jambyrdige rivalar på 70- og 80-talet. Som liten gutt følgde denne forfattaren far sin til Stavanger stadion den eine veka og Bryne stadion den neste. Liknande historiar kan ein finna over heile Europa. Dette seier truleg noko generelt om at fotball først dei siste tiåra har vorte eit tydelegare identitetsprosjekt.
Supporterklubbar eksisterte i Norge før 90-talet. Av dei som enno fins er «Den gule horde» (Bodø/Glimt) den eldste, stifta i 1974. Like fullt var det først med introduksjonen av Tippeligaen i 1991 at supporterane byrja å organisera seg for alvor. Før denne tida var tribunekvardagen i Norge i mindre grad prega av den organiserte synginga og koreografien i form av bannerar og liknande me ser i dag. Desto meir rom vart det gjerne for ivrige vittigperar som kommuniserte med så vel spelarar som linjemenn og dommar, ikkje sjeldan utan sarkastiske kommentarar. Då ein Vikingspelar låg skadd på Bryne stadion ein gong på slutten av 70-talet, vart det frå ståtribunen ropt «Send han te Grødaland!», med referanse til anlegget som i dag har det noko anonyme namnet “Norsk protein” og som bl.a. transformerer døde husdyr slik at dei kan nyttast i ulike produkt i kosmetikkindustrien. Tilsvarande fann «siddisane» ut at det var verknadsfullt å ropa «Gabriel e sure» då Gabriel Høyland og Bryne var på besøk på Stavanger stadion. Nøkkelspelaren på Bryne i tiåret frå 1975-85 var sjeldan glitrande i lokaloppgjera mot Viking. Denne tida var elles merka av at enkelte ildsjeler gjerne prøvde å få med folk på allsang på tribunen. Dette viste seg vanskeleg med mindre det var snakk om ein cupfinale, eit lokaloppgjer eller ein avgjerande kamp på tampen av sesongen.
Eit særtrekk ved nyare norsk supporterkultur er at impulsar og inspirasjon har kome frå ulike delar av fotballglobusen. Fotball er den mest globale sporten i verda. Du kan reisa til Kuala Lumpur eller Svalbard, og alle veit kva fotball er og kven Lionel Messi er. Impulsar frå ligaer og nasjonar med tunge fotballtradisjonar påverkar gjerne lokale fotballkulturar i mindre ligaer. Engelsk fotball har vore eit dominerande paradigme for førestellingar om kva som er god fotball blant fotballentusiastar i Norge i meir enn 100 år. Til tider har denne beundringa slått ut i nasegruse imitasjonar på norske fotballtribunar. Dette førte til at du kunne oppleva synet av ein Vikingsupporter som feira seriegullet til Viking i 1991 kledd i Manchester United-drakt. Samstundes kunne den vesle kjernen av aktive Brynesupporterar synga «Here we go, here we go, here we go» – utan snev av ironi – på ståtribunen på Bryne stadion. Utover 90-talet voks det fram ei erkjenning av at det var nødvendig å dyrka fram eigne uttrykk. I denne prosessen har dei henta inspirasjon også frå andre stader enn Storbritannia. Repertoaret av melodiar og sangteknikk viser at ein framleis står i gjeld til britisk tribunekultur, men sangane er på norsk og ofte på dialekt. Temaa er gjerne henta frå lokalt næringsliv for å framstilla lokal identitet på humoristisk vis, slik også B-gjengen sitt sangrepertoar er døme på. Det vil i dag vera umuleg å stilla opp på ein norsk fotballtribune i Manchester United-drakt og synga på engelsk utan å bli latterleggjort. Den britiske stilen er høyrbar gjennom sangane frå tribunen og mange nyttar trommer, noko som før vart meir eksklusivt knytt til Brasil og samba. Såkalla tifoar – bannerar med slagord og skrivne meldingar som dekker større eller mindre delar av ein tribune – er hovudsakleg inspirert av latinsk tribunekultur slik det artar seg i spansk, italiensk eller argentinsk liga.
Som kulturhistorisk fenomen er fotball lada med kjensler og nostalgi i overleverte myter. Fotball er vevd saman med historia om kven me er. Dette gjeld sjølsagt også for trenarar, spelarar og aktørar med så vel sportslege som økonomiske interesser. Men det er gjerne supporterane som ser deltakinga si i ein klubb utifrå eit livslangt perspektiv – og gjerne utover eiga levetid i form av blodsband frå tidlegare generasjonar. I det moderne samfunnet for øvrig blir gjerne patriotisme assosiert med uønskte haldningar som blind subjektivisme, sjåvinisme og rasisme. Etter ei omfattande mobilisering mot rasistiske ytringar i dei framveksande supportermiljøa rundt norske fotballklubbar midt på 90-talet, har det vorte vanskeleg å koma med rasistiske ytringar frå tribunen utan at det får konsekvensar. Verbal harselering med grupper eller enkeltpersonar som elles opplever diskriminering og marginalisering i samfunnet, er likevel eit vedvarande tema som blir diskutert og kjempa imot innad i supportermiljøa. Fotballsupporterar er lidenskaplege aktørar i eit sentralt samfunnsfenomen, der det å uttrykka engasjement er legitimt, medan semja om kor grensene skal gå for hatske ytringar varierer. I fotball oppstår det gjerne ein ambivalens mellom forventningar om eit konkurransebasert lidenskapeleg engasjement og ein dominerande moralsk kode som seier at idrett skal fremja forsoning og vennskap. Skal me ynskja naboen og rivalen alt godt, i tråd med etablerte normer elles i den organiserte idretten, eller skal me tillata ulike symbolske uttrykk for skadefryd og «dissing» av motstandarane? Mangfoldet av svar på slike spørsmål gir næring og meining til det å vera ein supporter og bidrar til at fotball er ei sentral sosial kraft.
*Tittelen viser til ein antologi om supporterkultur som kjem ut på Akademika forlag 20. november. Boka er redigert av underteikna og Arve Hjelseth.
Kvalitet og presisjon
Sørvest Betongsaging
Er du opptatt av kvalitet og presisjon, så er vi ganske enkelt de rette. Vi utfører jobben raskt, rimelig og til avtalt tid. Gode medarbeidere og en oppdatert maskinpark gjør at vi raskt kan bistå deg i både store og små oppdrag innen bl.a. riving, betongsaging, meisling og kjerneboring.